KVELDENS


Huspoeten Christen Knagenhjelm oppsummerer:


Kveldens 11.6.2018 (Programmøte)

 Alt vi i skal gjøre
Skal dere få høre
Om programmene i høst
der oppmøtet er et MUST!!

Kveldens denne gang
skyldes engasjement
fra programmøtets to til stede
skissen er utarbeidet med kreativitet – og glede!

·      Rotary info
·      Kultursti – Kaupanger
·      Fjærland Bokby – Hotel Mundal
·      Felles Eshowemøte med andre som er engasjerte

Kveldens 19.3.2018    -   Huset i Bygda

I dag skulle vi få vite meir om hjort,
men diverre – vår mann har rota seg bort!

I staden vart temaet ei heilt anna sak:
vi har fått ny kunnskap om Huset i Bygda – fortald av Christoffer Knak
 
(Knagenhjelm)

Vi ser at slike bygg er meir enn 4 vegger – og eit tak.

Her er også dans, kultur og skodespelartradisjon
slik får husa ein brei dimensjon!

Ein stor takk til mannen i kveld:
Dette vart ei god stund.
Very well!


Kveldens 5.3.2018  - Innovasjon Norge

(Kven skal få det siste ordet
når det gjeld å styre Innovasjon-Norge-kontoret?)

Vi høyrer interessert – at Flatlands hjarte bankar
for mange typar innovative tankar.

Min gamle sjef Halvor Flatland
syner kva denne institusjonen vil – og kan

Med kontor over heile verda
vert gründerar – og andre – hjelpt på ferda.

Med kunnskap om norsk raudt fe til den glade laks
alt handlar om hardt arbeid – mindre enn flaks!

Den frammøtte Rotaryanar
Har fått innsyn i meir enn vi anar;

Og ser no mang ein dimensjon
i arbeidet til Norsk Innovasjon.

Ein stor takk til kveldens mann:
Vi veit no meir om det Campusmiljøet kan!


Kveldens 5.2.2018 - Kjellaren på Lægreid

 

Sist gang kunne Rotary gå’i
Museet til Svein i Staai


I dag stod på tapetet:  Røyk og Radl
Her er mange forslag til program – det går nesten i badl…


Den vesle klubben syner engasjement
og finn fram idear. Gang på gang!


Vi vil be Høgskulen om tankar kring sin fusjon,
før det skal vi sjå på Norsk Innovasjon.

 

Med felles innsats, vurdert nesten som eit krafttak
Har vi snikra eit program for alle sin smak! 


 Kveldens 8.1.2018 - Sogndal Hotel

Unnskyld at vi spør:
Men hva får en landsens hotelldirektør
til å bygge enda mer hotellkapasitet
med utmerket Choicekvalitet?

Vi har fått svar og er imponerte
 over kveldens  orienteringsturne
der Jørgen Christian forteller om hva som skal skje!

Sogndal vi styrke sitt navn som regionsenter.
Dette er gledelig – og vi på åpningsfesten venter!


Kveldens 13.11.2017

(Rakfisk på Knaken)
Her uttrykkes glede fra Christen Knak:
Komplimenter for årets rakfisksmak!

Her nytes- i år – som i fjor
Et utmerket måltid ed dette bord.

Årets festkomite
Vet hva som skal skje
Når norsk tradisjonsmat
suppleres med godsaker på pyntete fat.

De fremmøtte rotaryanere – med inviterte gjester
Nyter samværet og forsiktig fester
Der tilstedeværelsen knytter bånd:
Slik det skal være – i Rotarys ånd.

Vi takker dem som har stått bak.
Slik vil han si det, Christen Knak:
Eldbjørg, Knutan og rakfiskansvarlig Kjell
Løste oppgaven very well!


Kveldens, 2.10.2017

 

På Rotarymøte flest
har vi ingen gjest…
Vi set difor pris på at Svein sin invitasjon:
 Han fekk med Laila – ho gjev oss inspirasjon
Til påfyll i vår medlemsmasse
Slik at klubben kan halde sin høge klasse!

Programmet med Knutan og Renate hadde flyktningsproblematikken som tema:
Kanskje kan det ende med:  Avtale – på skjema?

Sogndal Rotary erkjenner at
flyktningar kan ha ein skatt
som gjort på den rette måte
kan forløyse mang ei komplisert gåte!

Temaet rundt våre nye landsmenn har mange lag…..
Det er Christen sin konklusjon frå møtet i dag!



Kveldens,  24.4.2017 - Gunnar Solbakken / Loftesnesbrui
Loftesnesbrui får ny karaktær
Arkitekturen er vakker kanskje litt sær?
Gunnar engasjerer  oss med plansjar og ord.
8 rotaryanarar lyttar interessert rundt anleggskontoret sitt bord.

Vi takkar Gunnar for  synfaring og inspirerande snakk
Han fortener eit krus – og ein velmeint takk!


Kveldens, 3.4.2017

(Sofie Sundberg og Ingunn Veka: Eshoweprosjektet)

Rotary og vidaregåande skular knyter lange – og gode -  band
mellom Noreg og det sørafrikanske land.

Dess fleire som som står i lag
Dess fleire kan vi hjelpe: Dag for dag!
Det har synt seg gang på gang:
Ungdomar med engasjement  
Skal vere både eye opener OG rebell

(Vi er imponerte over det vi har sett – og høyrt – her i kveld!)

Ein stor og varm kompliment
for damebesøket – om Eshowe – frå Sogndal VGS,  denne gang!


Kveldens, 20.3.2017
Kjell Kvåle opnar kvelden med lastebil i  oppoverbakke og sterk høgresving –
Å arbeide med vegar (i Noreg) er ein tung ting.

Mellom 2 landsdelar skal det byggast  vinter-sikker veg;
Prosessen har gått tregt, steg for steg….

Vegar engasjerer mann og kvinde
Argumenta går og på: Tid at  vinde
Når vegar er opne - trass snø og vinde

Eit godt vegnett som bitt saman folk og distrikt
er politikaren sitt ynskje – vegvesenets si samfunnsplikt.

Til Kjell:   Atter ein velmeint takk
for kveldens aktuelle samferdslesnakk!!
Sogndal, 20.3.2017Christen K.(lett forvirra etter  dobbelt-vedtaket om både rv 7 og rv 52)


6.3.2017 Toppturar i Sogn v/ Vegard Vereide

 At det er reine himmelrik å køyre ski i pudder….
dette veit Vegard V. er sant – og ikkje sludder!I

 dag vert «Kveldens» svært så stutt:
Møtet med Vegard om toppturar,  spenning og dramatikk
vart alt for tidleg slutt!!

  

Kveldens, 20.2.2017

 

I eit møte med feilslått kveldsprogram

((torskekvelden fall ut))

gjekk tida likevel høveleg raskt fram…

 

Vi har vore innom ymse sider av transportpolitikk.

Spanande å sjå kven som tek siste stikk:

Om fellestrase for bil og tog mellom Bergen og Voss

Her vert mykje som kan engasjere oss

Medan toget (og kanskje bilen) treng straum. Frå røyrlagd foss?

 

Vi starta møtet med elektriske tankar

Der økonomien i kraftverkseigarhjartet bankar…

 

Renate reflekterte over initiativ og nye landsmenn.

 

Vi konstaterer at ting går framover – smått om senn!

 




KVELDENS   Val av president og styre for neste rotaryår, 5.12.2016

 

Presidentbyte og presidentval

kan by på valgets kval..

 

(Før møtet er starta er det ingen som veit

Korleis det går med vår president-leit!)

 

Rekrutteringa gjekk til slutt svært så  bra:

Ny president vert Anders Skarestad.

 

Til å styre klubbens kasse

Vil Renate dra  lasset.

 

Vi avsluttar kvelden med desse tankar:

Våre hjarte – trass alt – for Rotary bankar!!



KVELDENS   Loftesnesbrui, 11.4.2016


No vert det bygd ny Loftesnesbru
I ein arkitektur ingen kunne tru!

Men med ny teknologi og ny teknikk
Kopla mot kompetanse og inn-blikk

Har ein kome fram til ein konstruksjon
Som gjev bru – og landskap – ein ny dimensjon!!

(Det er freistande å spørje Gunnar Solbakken
Om kva han meiner om Sogndalspakken…?)

Men det er før sekretæren avleverer med glede -  for den
framifrå orienteringa denne kvelden – Takken!




KVELDENS  Sjokolade; 14.03.2016
Ei interessant reis til Sogn – frå Amsterdam

syner at om ein vil – kjem ein fram.

Å arbeide med det søte liv

Og dessutan  vere kreativ

Har gjeve Marifjøra nytt liv! 


Vi er imponert over innsats og kvalitetsprofil:

Sjokoladefabrikken har funne sin eigen stil!

Den hollandske gründer-immigrasjon

Vonar vi – vil gje ein ny og velsmakande  – tradisjon


Vi avsluttar kvelden med søte ord

Og er glade for nykoma ved Sognefjord!


Kveldens, 29.2.2016 (!)

(Det hadde nok en forklarlig grunn
at Stavenes havnet på havets bunn….)

Med entusiasme, litt galskap, god venner og penger
Er restaureringsprosessen nå kommet mye lenger
enn da båten kom hjem fra de britiske farvann.
Dette beviser at mangt går an.

Vestlandets kulturhistoriske dampskipsmiljø
måtte lenge seile sin egen sjø….

Vi er glade for at også Riksantikvar
så at båten ikke lenge bar!
Nå seiler snart en hel flåte
av vakre og innsiktsfullt restaurerte båte!


Kveldens, 1.2.2016

Til kveldens møte var tenkt demens.
Dette fekk ein førebels – og uventa brems (nødrim)
(Knaken strøvla i det han skulle gjere;
Dette vart ei lei affære).
Men vi kjem attende med ny giv,
såleis får demensproblematikken nytt liv!

Kvelden fekk såleis eit anna tema:
Vi køyrde mellom anna etter røyk-og radl-skjema.

 

Kveldens, 14.12.205 – programmøte

Ein – Felleskjøpkalendar (!) – vert full av meir enn ein ide:
Som vil syne klubben – og andre – kva som skal skje
det neste halve år.
Vi er spente på kva vi får 


Av nye medlemar og engasjement
Dette meiner 1 kvinne og 5 menn – denne gang…… 


 

Kveldens, 29.6.2015 – Slakkafjellet / Statnett

 På filterpapir holdes tankene fast
Mens inntrykk går kast i kast
Det elektriske ledningsnett i vårt land
Viser et det går an 


Med penger og teknisk forstand
Å bygge infrastruktur
 i Norsk - til dels urørt - natur. 


Rotary takker unge herr Søvde
Som lykkes når han prøvde
Å gi oss innblikk i
Utbygging og distribusjon av norsk vannkraftenergi!


 



 




Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Lægreid hotell
Adresse: Almenningen 3
Postnummer: 6856
Sted: Sogndal
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30:00
Møtespråk: no

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...